Stort teater i lite format

Dag og Tid 23. nov. 2002


Eg fann årets største teateroppleving i eit skap. Skapet rommar livet til Hetty og familien hennar. Livet og døden, for familien er jødisk.

Hetty vart født rett etter skotet i Sarajevo, og døydde like før 11. september 2001.
Historia hennar blir fortald av to skodespelarar, Bjørn Myrholdt og Jaap den Hertog, i samspel rundt Hettys raritetskabinett : Eit frydefullt fantasirikt skap fylt av lagnader, dokker, duppedingsar og ein omn til å brenne jødar i.

Verkeleg illusjon
Teater er illusjon. Her bryt stadig skodespelarane illusjonen ved å vende seg direkte til publikum og seie at dette ikkje er verkeleg; det er berre ei historie. Og så skjer det underlege at illusjonsbrotet berre forsterkar illusjonen, fordi vi veit at om teaterstykket ikkje er verkeleg, så er historia det.
Kvar person du møter kan vera eit familiemedlem eller ein venn. Det var livsfilosofien Hetty enda opp med etter å ha mista familien i nazismens gasskammer.
I møtet med det uforståelege forstår vi at dei største spørsmåla kan ha dei minste svara. Ein nazisme, seks millionar jødar. Kva gjer livet verdt å leva ? Sand mellom tærne.
Hetty var nygift da nazistane kom. Etter krigen bygde ho opp ein ny familie saman med ein annan overlevande, som unnslapp ved å hoppe av toget til gasskammeret. Han tok seg óg av barnet til søster si, som ho kasta til han frå toget. Søstera torde ikkje hoppe etter.

Berre ein jøde
Jaap den Hertog har henta historia frå sin eigen familie i Nerderland. Sjølv reiste jøden Jaap til Libanon som lege for Palestinafronten.
Det tenkjer eg på, der eg sitt i Det Jødiske Museum i Trondheim og ser stykket saman med unge og gamle medlemmer av Det mosaiske trussamfunn. dei klappar lenge, smiler og tørkar tårene.
Det er ein overlevande frå Hitlers konsentrasjonsleirar i salen. Etterpå får eg ei sterk lyst til å halde rundt han, men lét det vera, kanskje fordi eg er nordmøring.
Eg veit ikkje. men eg veit at eg har opplevd teater som grip inn i livets teater.
Kan du tenkje deg ?

Laus presisjon
Sand mellom tærne er for alle over 10 år. Stykket er produsert ved figurteateret i Nordland. Manuset er skrive av Jaap den Hertog og Lasse Åkerlund. Sistnemnde er også instruktør, og førstnemnde har laga dokkene. Scenografien er ved Gunnar Fretheim, Inka Lill er illustratør, Solveig Fugelsøy har laga kostyma, Martin Waagø har snikra og Jan Erik Skarby er ansvarleg for lys og teknikk. Resultatet ville fått Nils Arne Eggen til å seie noko fint om samhandling.
Bjørn Myrholdt er glimrande i alle sine rolleskifte; rasjonelt aggresiv i SS-uniform, barnsleg plaskande i badedrakt. Jaap den Hertog held orden på trådane i bokstaveleg og biletleg forstand, og driv historia framover. Dei to har nærkontakt av tredje grad med publikum. Det krev eit samspel som er stramt og laust på sama tid : Presist, men ikkje stivt. Måten dei løyser dette på fortel om mange års røynsle med pil og boge.
Teater Fusentast har adresse i Trondheim, men reiser rundt i heile landet (og utlandet) med stykka sine. Dei spelar i teater og skular og samfunnshus og kor som helst, og har alltid noko på hjartet. Tidlegare i år hadde Fusentast premiere på "Mirad - en gutt fra Bosnia", om korleis ein 13-åringopplever krigen i heimlandet og asyl i eit framandt land.